Konsert i Haga Kyrkje

Arrangementsinformasjon

Torsdag 23.Sep kl19:00 kjem trioen Ingebjørg Andrea Ådnanes (bl.a kjent fra The Voice 2021), Henriette Braarvig og pianisten Simon Madsen til Haga Kyrkje for å ha konsert. Denne konserten er ein del av ein konsertturné dei har på vestlandet. Konsertrepetoiret vil variere mellom nytt sjølvskrive materiale, til både nye og eldre perler henta fra både populærmusikken og fra den kristne sangtradisjonen. Desse vil bli ikledd nye spennande arrangement.

Dette blir ei oppleving du ikkje må gå glipp av!


Ingebjørg Andrea Ådnanes: 

Født og oppvaksen på Karmøy og er i dag gift og busett på Bømlo. Ingebjørg har ei enorm stemme, ein heilt spesiell formidlingsevne og ei sterk personleg historie å fortelja. I tillegg har ho eit vesen som publikum vert glad i. Ho har tidlegare bl.a samarbeida med Hanne Krogh, var med i Team Hanne i “Det store korslaget”, som gjekk på TV2 2009. Ho kom til semifinalen i IDOL 2013, og har jobba med VAMP, Hellbillies, Voice Of Joy, og mange fleire…Og for dei fleste er ho kanskje mest kjent frå "The Voice" som gjekk på TV2 i vår.


Henriette Braarvig:

Født og oppvaksen på Karmøy og har synge heile livet. Henriette har stor formidlingsevne på scenen med ei stemme som bevegar publikum. Erfaringa henna varierer frå konsertar med lokale artister (Mads Pedersen, Unni Hilt og Hibbi Mannes) til turnè i Frankrike og Spania med Jesus Revolution. Ho har og fleire ganger vore lovsangsleiar på ulike kristne festivaler rundt om i Norge, og har i 9år vore fast medlem av gospelkoret Voice of Joy. I 2004 og 2005 var ho på turnè med musikalen "The Battle of Europe".


Simon Madsen:

Født, oppvaksen og busatt på Bømlo. Han begynte å spela piano allereie då han var 4 år gamal og skreiv som 10-åring sin første klassiske komposisjon. Simon bevegar seg i dag innanfor eit vidt spekter av ulike musikk-sjangrar , har eit spanande og lekent musikalsk uttrykk og speler like gjerne klassisk kyrkjeorgel som jazzpiano. Har dei siste åra spela for etablerte artistar som Solveig Leithaug, Solfrid Brekkå, Bjarte Leithaug, Eyvind Skeie og mange fleire, i tillegg til pianist/keyboardist i ulike gospelkor (Zenith, Kenanja, Decor og fleire). Han har dei to siste åra hatt fast musikalsk samarbeid med Ingebjørg.





#ingebjorgandrea
#henriettebraavig
#simonmadsenmusic
#paafyll
#gospel
#konsert
#kultur
#samnanger
#hagakyrkje
#haga

Restriksjoner

Me tar smittevern på alvor. Dersom du har feber, er forkjølt, hovudverk eller har luftvegssymptomer skal du ikke møta på konserten.
Hugs å hold 1 meter avstand til andre ved inngang/utgang.
Pga. Covid-19 situasjonen vil det være et begrensa antall billettar tilgjengeleg, antall billettar vil variere ut frå lokale retningslinjer.

Ansvarsfraskrivelse

Det er ikke refusjonsrett på kjøpte billettar.